torsdag 25. august 2022

Velkommen til Matkultur (MAK 101)

Det er kjekt med nye studentkull på Matkultur og eg vil takke for ei trivelig samling ved studiestart med safting, sylting og hermetisering på det flotte undervisningskjøkkenet ved Høgskulen i Volda.

Studentane på Matkultur (MAK 101) 2022. Foto: Kari Ryslett

No har alle fått bloggadresse og de vert etterkvart godt kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilde eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i Word og samle saman bilda eller lenkene, før du legg alt inn i blogginnlegget publiserer.

Husk at bloggen er din, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt –dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. 

Lykke til med produkta som du skal konservere og dokumentere fagbloggen din!

Beste helsing emneansvarleg Kari Ryslett



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Årets matkulturbloggar 2022 vart Hege, vi gratulerer!

Julemiddagen vart tilberedt på vårt nye og flotte undervisningskjøkkenet før jul og matkulturs tudentane serverte vårt eige heimelaga julemå...