onsdag 12. oktober 2022

Kven blir årets matkultur bloggar?

No er det to blogginnlegg igjen å presentere og deretter er det duka for bloggfinale Dette er vår eiga interne kåring av årets matkulturbloggar og dei beste bloggane i ulike kategoriar. Dette skjer på den siste samlinga før jul og alle studentane skal stemme anonymt. Utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen laurdag 3.desember.

Bloggpremiar hausten 2022. Foto: Kari Ryslett.

Kategoriane er:

1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering

2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite

3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid

4. Beste blogginnlegg om konservering av kjøt

5. Årets matkulturbloggar


Husk at de heile tida kan endre på bloggen, både tekst og bilder for å gjere den bedre. Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit ryddig, kjekt og fint blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane på fredag 2.desember. Lærarane Kari og Erik har dobbeltstemme.

Husk på at når bloggane din er vurdert, er den din eigedom. Du kan slette bloggen, endre den, vidarutvikle den eller lage deg ny blogg. Eg foreslår at fagbloggen kan ligge att på internett som eit digitalt spor etter deg. Kanskje fagbloggen kjem deg til nytte ein dag?

Beste helsing Kari Ryslett og Erik Fooladi

Årets matkulturbloggar 2022 vart Hege, vi gratulerer!

Julemiddagen vart tilberedt på vårt nye og flotte undervisningskjøkkenet før jul og matkulturs tudentane serverte vårt eige heimelaga julemå...