lørdag 3. desember 2022

Årets matkulturbloggar 2022 vart Hege, vi gratulerer!

Julemiddagen vart tilberedt på vårt nye og flotte undervisningskjøkkenet før jul og matkulturstudentane serverte vårt eige heimelaga julemåltid med pinnekjøt, mørpølser, medisterpølser, rabbestappe, raudkål og gode poteter. Til dessert vart det riskrem med raud saus og nysteikte krumkaker og sjøvsagt nytrekt kaffi til. Bordet var nydelig dekka og det både lukta og smakte himmelsk sunnmørsk julemåltid!

Julemåltid på matkultur. Foto: Kari Ryslett.

Gjennom hausten har studentane arbeidd med fagbloggar som arbeidkrav etter kvar samling. Det er 9 ulike bloggar om 4 ulike tema lenka til denne studiebloggen, det vil seie 36 ulike blogginnlegg. Lærarar og studentane har avgitt sine stemmer og kåra vinnarane av bloggkonkurransen i dei ulike kategoriane. Resultatet vart slik:

Vinnaren av årets matkulturblogg Hege Lindahlen. Foto Karl August Swanstrøm.



Årets matkulturbloggar: Hege
Beste blogginnlegg om sylting, safting og  hermetisering: Hege
Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite: Chatarina
Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst: Margit og Hege
Beste blogginlegg om konservering av kjøt: Suel og Chatarina

Sjå omtale på HVO veven: Hege ble årets matblogger 2022

Gratulerer til alle saman for det store arbeidet de har gjennomført skiftleg, digitalt og ikkje minst praktisk! Vi ønsker alle våre studentar og andre lesarar ei riktig god jul!

Beste helsing Kari Ryslett og Erik Fooladi

Årets matkulturbloggar 2022 vart Hege, vi gratulerer!

Julemiddagen vart tilberedt på vårt nye og flotte undervisningskjøkkenet før jul og matkulturs tudentane serverte vårt eige heimelaga julemå...